Døvre, gnr 14

Den samla skylda på Døvre var 2 huder og 6,5 skinn, av dette var 4 skinn kirkegods. I 1667 er det skog til husbruk. I 1723 står det at garden har gode utraster og det kan avvirkes 5-6 tylfter sagtømmer årlig, men ”Skougen er udhugget og til Deels taget Skade af Ildebrand”. I 1723 har garden ei heimsæter og sæter i almenningen. Det er nevnt at garden har flaumkvern og bra fiske. I 1723 er det 2 husmannsplasser som til sammen har 5 skp i utsåd og kan fø 3 naut og 12 småfe.

 

7 oktober 1712 var det åstedssak på Døvre. Døvresbrukerne har stevnet grannene på nordsida; Ole Skår, Ole Knutson Skår, Håkon Olson Skår, Henrik N Gigstad og Knut N Gigstad, fordi de hadde hugget 21 tylfter tømmer i dei utrastene som frå gamalt har høyrt under Døvre.

Halvor Kolstad, 88 år, prova at han for 40 år sidan brukte Døvre i 6 år. Då han kom til Døvre sa den gamle mannen Ole Døvre at Døvres utmark gjekk opp til allfarvegen og derifrå opp til ”Vide-Berget”. Denne grensa heldt han seg alltid etter. Retten kunne ikkje slå fast anten den påstemna hogsten var gjort i sameige eller privat skog, men meinte at dette spørsmålet fekk utstå til det vart stemnt til sak om skifte og dele.

 

20 juni 1713 var det så åstadssak med fastsetjing av grensene. Sjul O Bundeli, Knut O Gigstad, Henrik N Gigstad, Ole K Skår og Håkon O Skår har stevnet Knut Helgeson, Ingeborg, Tron og Ole A Tveit, oppsittere på Døvre, til å vera med å få fastsett eitt rett skifte og dele mellom dei i utmarka. Saka vart forlikt såleis at dei skal ha sitt bruk som før seg imellom og bruka dei slåtteland, sætrar, fiskeri mv som fedrane deira bruka. Einast skal Skår- og Gigstad oppsitterane åleina ha Bjørnsetsletten. Likeså skal kvar einskild heretter ha fiskeri på åsen som før.

 

9 oktober 1770 var det synsforretning og 2 august 1827 takst på Døvre.

 

Utsåd               1667:               5 tnr bygg, 0.5 tn hamp

                        1723:               6 tnr, 6 skp bygg

                        1782:               Johannes Arneson, 2 tnr bygg

                                               Tron Knutson, 2 tnr bygg

                                               Underbruk under Knut E Gigstad, 2 tnr bygg

                                               Bjørn Svenson, 2 tnr bygg

                                               Knut i Oset, 1 tn bygg

                                               Ødegården, 0,5 tn bygg

Avling             1782:               Johannes, 10 tnr bygg, 20 lass høy

                                               Tron, 10 tnr bygg, 24 lass høy

                                               Underbruket, 10 tnr bygg, 24 lass høy

                                               Bjørn, 10 tnr bygg, 20 lass høy

                                               Knut i Oset, 5 tnr bygg, 4 lass høy

                                               Ødegården, 0,5 tn bygg.

Buskap            1667:               2 hestar, 14 naut, 12 sauer, 6 geiter

                        1723:               4 hestar, 30 naut, 20 sauer, 20 geiter

                        1782:               Johannes, 1 hest, 8 naut, 8 sauer, 8 geiter

                                               Tron, 1 hest, 10 naut, 12 sauer, 8 geiter

                                               Underbruket, 1 hest, 9 naut, 10 sauer, 4 geiter

                                               Bjørn, 1 hest, 8 naut, 8 sauer, 8 geiter

                                               Knut i Oset, 3 naut, 4 sauer, 2 geiter

                                               Tron Ødegård, 4 naut, 4 sauer, 4 geiter

 

Eigarar og brukarar.

 

Fyrste gongen Døvre er nemnt er i eit diplom frå september 14, 1348, då Gudbrand i Garlid, Eirik på Berge og Eirik og Olav Sigurdsøner under eid kunngjer at Niculaus Ivarson, som då levde i Valdres, og Gyda, mor til sira Øystein som song i Andreaskyrkja i Nidaros, var ekte sysken og var born åt Ivar på Døvre, og ingen er nærare til arven etter sira Øystein. I skattelista for 1528 finn vi ein Ulril Drien(!), og dette skal vel vera Døvre. Frå 1612 til ut i 1630-åra er det ein ved namn Knut som svarar skattar av Døvre. Etter jordeboka i 1615 åtte han 27 laup odelsgods i Døvre, 1 hud i Fystro, 1 ort i ”Bjørstad” (skal vel vera Jørstad) og 1 laup i Sundeim. I jordeboka for 1624 er han vidare førd opp som eigar av 4 laup i Bjørgo.

 

Denne Knut Døvre var nok ein av dei gjævaste bønder i Aurdalsbygdene den tid. Han var i 1591 med og skreiv under fullmakta for hyldingsmennene til Christian IV. Ved hyldinga av prins Christian V i 1610 var Knut Døvre utsending frå Aurdal saman med Erik Revling og lensmannen Helge Strand.

 

Frå ikring 1632-33 er ein Ole og ein Eivind Døvre nemt i rekneskap og skattelister. I 1635 laut såleis Ole Døvre Bøta 6 dlr av di han stakk Ole Holdal med kniv.

 

Av jordebok for 1644-45 ser ein at 2 huder i Døvre var skift med ei halv hud kvar på Birgitte Åbjør, Oluf (eller Ole) Døvre, Syver Dal og Eivind Døvre, så truleg er desse sysken, og borna at den før nemnde Knut Døvre (sjå elles utgreiding om ætta på Døvre i Torstein Rudi si bok: ”Um ætti på Sørre Rogne”).

 

Det var nok Ole og Eivind som var brukarar på garden. Eivind var død i 1661, då det var skifte etter han og kona hans, Kari Johannesdtr som då og var avliden. Dei hadde tre born, Johannes, Ragnhild og Marit. Ragnhild var gift med Halvor Jørgenson, f 1632, frå Kolstad i Slidre. Han bruka 1 hud og 1 skinn i Døvre i 6 års tid frå 1664 - 1670.

 

Etter matriklen 1667 var Ole og Halvor brukarar på Døvre. Eigarane var Halvor 0,5 hud, Helge Åbjør 0,5 hud, Syver Jørstad 2,5 skinn og Ulnes kyrkje 3,5 skinn. Men det står ikkje kven som åtte resten. I 1670 eig Ole 0,5 hud, Hr Peder Pedersen (presten) 0,5 hud, Helge Åbjør eig og brukar 7,5 skinn, Syver Jørstad 2,5 skinn, Halvor Jørgenson Døvre 4,5 skinn og Ulnes-kyrkja 4 skinn.

 

Ved matrikkelen i 1723 var Knut, Ole, Tron og Ole brukarar og dei åtte tilsaman 2 huder 2,5 skinn. Ulnes kyrkje åtte 4 skinn. I 1703 selde brørne Knut Helgeson Hådem, Sivert Helgeson Åbjør d.e. og Sivert d.y. til Arne Erikson som er gift med Guri, dotter åt eldste bror deira, Knut H Døvre, kvar 1 skinn i Døvre. Ved same høve selde Halvor Kolstad ein part i garden til Arne. Arne døde i 1706 og Guri gifta seg då med Ole Amundsen Tveit. Ein kan nemna at 25 mai 1706, same dagen som Arne, vart også vermor hans, Sigrid Andersdtr, gravlagd, og skifta etter dei var same dagen, nemleg 21 januar 1707. Guri var einebarn og ho ervde då det  halve av det foreldra åtte, samstundes med at ho ervde mannen sin. I 1707 selde Knut Helgeson sin part i Døvre til versonen Ole A Tveit.

 

23 juni 1733 var det odelssak på Døvre. Helge Knutson har innstemnt Ole Nilsson Tveit og Guri Knutsdtr, vermor hans, til løysing av halve Døvre. Av denne saka ser ein at Knut Helgeson vart gift 2 gang med ei Marte Tørrisdtr (eller Toresdtr), og Helge var sonen deira. Ellers er det ei rekkje skøyter på Døvre eller rettare, ymse partar i garden.

 

Knut Olson Kjørli selde i 1707 retten til ei hud i Døvre til broren Knut for 32 rd. I 1710 selde Tron E Kjørstad og Knut Sjulson Dal retten til 6 skinn i garden til Knut O Døvre for 20 rd. I 1714 skøyta Tron Knutson til broren Ole halvparten i Døvre som skylder årleg 1 hud, 1 skinn og 1,5 mål.  Ole E Fodnes og kona Mali Knutsdtr selde i 1717 ein part i garden til Ole Knutson.

 

I 1729 selde Tollev O Kolstad og Ole O Glaeim ein part i Døvre til Ole N Tveit, og same året fekk sistnevnde skøyte frå Knut Knutson Sæbu, Engebret K Gigstaf, Henrik N Gigstad, Nils E Gigstad og Nils T Haugen på tilsaman 3 skinn i Døvre for 50 rd. Dessutan får Ole Tveit i 1737 skøyte frå Helge Knutson på 3,5 skinn i Døvre for 120 rd.

 

I 1733 sel Knut Kristofferson part i garden til Tron Knutson. Etter ei kontrakt av 1739 overlet Helge Erikson Døvre til Endre Larsson til bruk 3,75 skinn i Døvre mot 63 rd. Endre vart mykje sjuk og leid overlag, og av den grunn tok han livet av seg i 1741. Enkja etter han, Gyri Gulbrandsdtr Berg, som ho nemnest, og Bjørn E Øvre Raneim selde i 1745 3 skinn i garden Døvre til Ole Nilsson for 99 rd.

 

I 1754 selde Knut Tronson dy, Ingeborg Tronsdtr, gift med Nils Svenson, og Synnøve Tronsdtr, gift med Knut Tostenson, alt det dei hadde ervd etter foreldra, Tron Knutson og Marte Knutsdtr, til broren Knut de for 88 rd.

 

Knut dy kjøpe samme år Døvresødegarden av skyld 4 skinn av bror sin og vart buande der. Tron Knutson hadde kjøpt den sistnevnde eigedommen i 1737 av Ulnes ålmuge for 75 rd.

 

I 1764 selde ein Arne Johansen Døvre  6 5/8 skinn i Døvre til Knut Helgeson for 285 rd.

 

Dei einskilde bruk etter 1782

 

Døvre (med plassane Spikermoen og Nybråten), lnr 37a. I 1782 er Johannes Arneson eigar. Han selde garden i 1803 til sonen Johannes for 299 rd. Johannes makeskifta i 1818 6 5/8 skinn i Døvre til Nils O Hagaset eller Berger. Nils selde Døvre i 1835 til sonen Ole for 600 spd.

           

Spikermoen, uskyldsett plass. Ved skifte etter Johannes Arneson i 1818 vart plassen utlagd som eigedom til sonen Halvor. Seinare vart Arne N Raneim eigar og han pantsette Spikermoen i 1848 til lensmann Klevenberg og seinare til Ole K Hovi for 80 spd, og han avhende til Ole Nilsson Døvre samme år for 160 spd.

 

Nybråten, uskyldsett plass, vart ved skøyte i 1808 seld av Johannes Johannesson til Ole Andersson.

 

Bråten, lnr 37b, vart skyldsett 18 oktober 1813 og då seld av Johannes Johannesson til Barbro Mikkelsdtr berg for 200 rbd. Barbro vart gift med Jul L Breiset, og han selde Bråten til Nils O Døvre i mot å få eit årleg føderåd i staden for kjøpesum. Nils selde bruket i 1834 til Nils K Gigstad for 100 spd, og sistnevnte selde att i 1835 til Ole K Gigstad for 100 spd. Ole avhende Bråten i 1841 til Elling Haraldson Skår for 100 spd.

 

Ødegården, lnr 38. I 1782 var Tron Knutson eigar, og han selde garden i 1806 til Knut Tronson for 240 rd. Frå  sistnevnde vart garden seld ved auksjon i 1829 til Arne O Svennæs for 630 spd. Arne avhende bruket i 1832 til Halvor Bjørnson Bråten for 400 spd. I 1856 selde Halvor og kona Synnøve Knutsdtr garden til sonen Knut. Halvor og Synnøve kom ikkje utav det med einannan og vart skilde i 1857.

 

Døvre, lnr 40a, vart skyldsett 6 mai 1835 for 5 5/48 skinn og var då seld av Bjørn Gulbrandson til Halstein H Ranum for 800 spd.

 

Døvreløkken, lnr 40b, vart i 1838 seld av Bjørn Gulbrandson til Nils Nilsson for 240 spd.

 

Dette og truleg alle bruk med lnr 40 var opprinneleg saman. Tron Knutson selde det heile i 1801 til sonen Knut for 799 rd, og sistnevnde selde i 1813 til Ole bror sin for 8000 rd DC. Ole Tronson selde samme år 6/58 skinn i Døvre til Bjørn Gulbrandson.

 

Flatbrenna, lnr 40c, vart skyldsett 6 november 1828 og seld av Bjørn Gulbrandson til broren Sven G Døvre for 200 spd. Ved skifte etter Sven i 1831 vart hans son Gulbrand eigar.

 

Husikampen, lnr 40d, vart skyldsett 6 juni 1829 og seld av Bjørn Gulbrandson til Bendiks K Gigstad for 200 spd. Bendiks selde i 1846 til Peder Johannesson for 300 spd og føderåd.

 

Døvre, lnr 39a. Knut Helgeson selde denne garden  i 1785 til versonen Gulbrand Bjørnson, gift med Marit Knutsdtr. Gulbrand selde i 1813 til sonen Knut for 600 rbd NV. Knut døde i 1816 og etterlet seg kona Siri Knutsdtr, snautt 20 år gammel, og sonen knut 6 veker gammel. Siri gifte seg 16 november 1817 med Tore O Ranum, som så vart brukar på garden Døvre. I 1832 selde Tore eigedomen til sonen Ole for 780 spd.

 

Huset, lnr 39b, vart skyldsett 26 februar 1830 og då seld av Knut Arneson til Halvor Erikson Nesbakken for 100 spd. I 1846 tok sistnevnte sine søner Tron og Erik over garden, men fyrst i 1855 fekk dei skøyte av far sin mot 200 spd.

 

Ved forretning av 2 november 1852, tinglyst samme dag, vart sætra Stafseng frådelt og seld av Halvor Erikson til Lars Erikson Hagasetbråten for 100 spd.

 

Oset, lnr 41. Brukar i 1782 var Knut i Oset. Han selde i 1787 til Tidemann Iverson for 192 rd 2 ort. Tidemann avhende samme år til Ole Halvorson for 204 rd, og han selde att i 1797 til Ole Knutson Oset for 475 rd. Ved skifte etter sistnevnde i 1813 vart det fastsett at eldste sonen Knut skulle få løysa inn bruket når han vart vaksen. Enkja etter Ole, Jørand Mikkelsdtr, 48 år gml, og Halvor Døvresødegården vart gifte 1 januar 1817, og sistnevnde gav i 1818 endeleg skøyte på eigedomen til stedsonen Knut Olson mot 250 spd og livaure til mora. I 1845 selde Knut Olson sin gard Oset til sonen Ole for 150 spd og føderåd.

 

Ved forretning av 21 oktober, tinglyst 1 november 1855, vart Bergene frådelt og seld av Ole Knutson til Knut Olson Sebumoen for 200 spd.

 

Bråten, lnr 42a. Dette bruket og lnr 42b vart saman skyldsett 24 fbruar 1813 for 1,5 skinn, og var då seld av Ole Trondson til Ellev O Onstad for 1000 rd DC. Sistnevnde selde i 1814 til Johannes Johannesson Døvre for 83 rbd 32 skill NV. Johannes selde det halve i 1818 til Knut Jensson Hådem for 200 spd. Sistnevnde selde att samme år til Halvor T Døvresødegården for samme pris. Ved skifte etter Halvor i 1847 vart garden utlagt til enkja Kari Eriksdtr for 800 spd.

 

Ved kontrakt av 13 november 1829, tinglyst 5 april 1843, vart dette bruket og lnr 42b delt frå einannan.

 

Bråten, lnr 42b, vart i 1818 seld av Johannes Johannesson til Ole H Skrutvold for 300 spd. Sistnevnde selde eigedomen i 1822 til Halvor Bjørnson Glaeimseige for 200 spd.

 

Ved forretning av 5 oktober 1843, tinglyst 18 januar 1844, vart ein husmannsplass frådelt og seld av Halvor Bjørnson til Halvor Tronson Bråten.